Noregs mest eksentriske humorduo er endeleg tilbake på norske scener!
Hildegunn og Leif-Per Moltubakk var éin av 90-tallets største revysuksessar og selde meir enn 170.000 billetter frå nord til sør. No er radarparet frå Ulsteinvik tilbake etter ei lengre pause, og mykje har skjedd sidan sist: Hildegunn har skilt seg, ho er blitt bestemor til sju, ho har deltidsjobb på Cubus – og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta nettutdanning som mental-coach ved The Californian Institute of Female Empowerment and Spirituality.
Leif-Per har bytta til EL-drosje, han har fått vakuumtoalett på hytta si – og brenn inne med landets største DVD-samling – men er han singel?
Det er som alltid mykje action når Hildegunn skal ha konsert, og denne gongen satsar radarparet frå Sunnmøre mellom anna på alle dei moglegheitene som melder seg når ein IKKJE skal samarbeide med Kringkastingsorkesteret.
Det er berre å belte seg fast for ein absurd humorkveld som ikkje liknar så mykje anna!
Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg.
Dette arrangementet er flyttet til 27.09.2025!
Kjøpte billetter gjelder på ny dato. Om man ønsker oppdatert billettekst på sine billetter, kan disse lastes ned på nytt fra Ticketmaster APP eller via din Ticketmaster-konto. Om ny dato ikke passer og du ønsker refusjon, må dette gjøres via din Ticketmaster-konto.